Jubileumsrunde NFF Sogn og Fjordane 100 år
Postet av Eid IL - Fotball den 28. Apr 2022
Pressemelding
NFF SOGN OG FJORDANE, 100 ÅR I FRIVILLIGHETAS TENESTE
Det var ein fin vårkveld i 1900 på Eksisplassen på Nordfjordeid. Martin
Myklebust, som gjekk på underoffiserskule i Bergen var blitt kjent med
fotballspelet, og hadde samla lokale ungdomar på plassen. Dei sto tett i ring då
pakken med fotball i vart opna, det var to pløser, ei av tjukt lær og ei av gummi.
Det var ei høgtid, og monteringa var av det inviklative slaget. Etter ei nøye
innføring av reglane vart ungdomane delt i 2 lag og spelarane gauv laus mot to
improviserte mål, alle i ein haug, sparka , skalla og skubba…
Lite viste dei den gang at dei tok første spark i ei idrettsrørsle, som 122 år
seinare femnar alle bygder og nær 15 000 aktive.
Sogn og Fjordane Fotballkrets vart skipa 30.04.1922. Stiftingstaden var på
Victoria Hotell i Florø med representantar frå Stryn Fotballklubb, Eid
Fotballklubb, Florø Fotballklubb, T.A.K Falken, Fotballaget Modig og Høyanger
Idrettsforening. Bjarne Vassbotten frå Florø vart første kretsleiar, og i dag 100
år seinare er Robert Endestad kretsleiar, også frå Florø.
2022 er frivilligheita sitt år. Kva passar vel betre enn at fotballkretsen jubilerer i
frivilligheita sitt år? Dei siste 50 åra er fotballkretsen den største folkerørsla i
alle byar og bygder i Sogn og Fjordane.
Rørsla er bygd og tufta på frivillige og vi ynskjer i jubileumsåret spesielt å heidre
alle frivillige som bidrar i små og store roller. Nokre brukar store deler av tida si
til frivilligheit, og andre ein gang i blant. Det er alt frå den trygge
barnetrenaren, leiaren som ordnar opp, den myndige dommaren, bane-og
vedlikehald til kioskfolka som med eit smil sel kaffe og vafler. Ja, la oss heller
ikkje gløyme den trygge sjåføren, som får alle til og frå. Alle fortener takksemd
og respekt.
Fotballen si kraft er unik mellom folk i alle aldrar. Interessa bind oss saman i
samtaler heile livet enten vi er foreldre, i arbeidslivet eller pensjonistar. Mange
år etter ei aktiv karriere går samtala raskt inn på historier om storscoraren,
midtbaneeleganten, stopparen eller han som kunne blitt kjempegod, men ikkje
dyrka talentet. Vi hugsar kampen på Refvika med orkan i kasta, sjøflyturar til
Bergen, håpløse dommaravgjersler og opp og nedturar. Vi går aldri tomme på
felles opplevingar.
Det er kanskje ikkje rett at utan fotballen stopper bygdene opp, men det er
ein kjerne av sannheit i det. I ei digital tid representerer fotballen motvekt.
Motvekt mot stillesitting, isolasjon og einsemd. Vi er ein av dei siste
arenaene som tilbyr ein sosial treffstad utanom skulen for mange barn og
unge. Vi tilbyr fysisk aktivitet, leik, moro, fellesskap, integrering og
konkurranse, med fokus på verdiar som fair play. La oss verne om det!
NFF Sogn og Fjordane ønskjer å takke alle som bidreg med frivillig teneste i den
flotte rørsla vår. I ei tid der delar av Europa er i krig, ønskjer vi at de skal vere
stolte av å bu her i fred mellom vakre fjell og fjordar, de skal vere stolte av
bygda og byen og ikkje minst stolte av klubben som tilbyr aktivitet som skaper
BULYST for barnefamiliar. Tenk kva din klubb betyr for deg og din familie i
notid, fortid og la oss ikkje gløyme framtid. La oss verne om identiteten og
frivilligheita når vi no skal ta fatt på nye 100 år med bygde og fotballutvikling.
Jubileumsrunde 29.-30.april 2022
Som eit ledd i feiringa, ønskjer vi å sette eit ekstra fokus på kamparrangement
29.-30.april, i dei høgaste divisjonane som NFF Sogn og Fjordane administrerer:
3.div damer og Kretsligaen.
NFF Sogn og Fjordane stiller med representantar frå styret, administrasjonen
og andre tillitsvalgte på arrangementa. Før kamp vil det vere tale og
overrekking av 2 stk kampballar til kvar arrangør.
Arrangør legg til rette for fine rammar rundt kampane på sine
heimearrangement denne dagen. Kamparrangement er ei fin mulegheit for
klubbane til å markere og skape ekstra interesse og engasjement rundt
heimekampen!
3.div damer Tidspunkt Kretsligaen (4.div
menn)
Tidspunkt
Studentspretten-Jotun 29.04 kl.19 Jølster - Bremanger 30.04 kl.15
Bjørn-Balestrand 29.04 kl.19 Vik - Studentspretten 30.04 kl.15
Førde - Stryn 29.04 kl.19 Sogndal 2 - Stryn 30.04 kl.15
Eid – Sogndal *) 30.04 kl.12 Eid – Årdal *) 30.04 kl.14.30
Måløy – Sandane *) 30.04 kl.13.30 Måløy – Fjøra *) 30.04 kl.16
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.